Tilbake
Blokk til blokk Foto: Det Norske Teatret
Blokk til blokk Foto: Det Norske Teatret
Skriv ut

BLOKK TIL BLOKK (Det Norske Teatret)

Ei konsertframsyning om å komme dit du er, ikkje på grunn av, men trass i.

Hiphop har vore lidenskapen til Boss Castro, Don Martin og Fela heile livet, og har for lengst blitt levebrødet deira. I blokkene i Groruddalen der dei voks opp blei musikk og personlege songtekstar om identitet fødde. For dei er hiphop ein uttrykksform som gir stemme til dei som lever på sida av samfunnet, dei undertrykte, dei som har føresetnadene imot seg.

I hiphopen har dei sjølv funne styrke til å halde seg på beina, og no ønskjer dei å treffe unge og gamle med bodskapen om kor viktig stoltheit over eigen identitet er for kven og kva du er - på ein heilt ny arena. I teaterrommet kan tekstane komme i eit anna lys enn på konsertscenen. I tillegg har dei sydd forteljinga om sine eigne liv rundt låtane, slik at teaterframsyninga blir både konsert og forteljarteater på ei og same tid.

I framsyninga fortel Don Martin, Jonathan (Boss Castro) og Felipe (Fela) sine historier og tek publikum med inn i blokka, bak musikken og tekstane sine. Vi får høyre om Groruddalen, Turtles og MTV, om brorskap og vegval. Om å miste nokon som står ein nær. Om Rudolf, Lillebjørn og Joachim. Om dei uønskte sin fest.

Om å ville vere Tupac og Inger Hagerup. Om å ikkje bli bitter, berre betre, og om å leve livet med lidenskap.

Produsert av SPKRBOX Produksjoner i samarbeid med Det Norske Teatret.
SPKRBOX Produksjoner har mottatt prosjektstøtte frå Norsk Kulturråd og Fond For Utøvende Kunstnere.Regissør/idé/produsent: Cici Henriksen
Musikk: Don Martin, Castro, Fela, Tommy Tee
Dramaturg/medregissør: Hedda Sandvig
Videodesignar: Ola Erik Blæsterdalen
Video/foto: Henrik Berge
Videomateriale: Kristoffer Klunk, Didrik Øverby, John-Erling Holmenes Fredriksen, Waqaz da drone killaScenografikonsulent: Even Børsum
Dramaturg: Morten Joachim
Plakatfoto: Mathias Fossum

«en opplevelse som er større enn en konsert og rikere enn en vanlig forestilling» terningkast 5 -Aftenposten
«bør bli obligatorisk» terningkast 5 - Dagsavisen
«Dette er en viktig forestilling, fortalt av mennesker som kunne ha falt på utsiden av samfunnet» -Morgenbladet

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Akershus fylkeskommune, kulturseksjonen, DKS-enheten

Om kunstner / utøver / gruppe